Løypene er kjørt, og det er flotte forhold. Nokre av tråkkemaskinane brukes til å lage løyper for Sesilåmi, men løypene vil stå fint imorgon òg. Akkurat nå skin sola, og det er heilt stille.
Imorgon har deltakarane i Sesilåmi, ca 1000, fyrsteretten på Sesilåmitrasèen. Frå Haugen til Sinnes er det laga eigen publikumsløype. Undergangen nedenfor Haugefjedl er for Sesilåmifolket, publikumsløypa er lagt langsetter parkeringsplassen. Så her er det bare å kome å heie på kjente og ukjente deltakarar.
I målområdet ved Sinnes skule er det barnas Sesilåmi, Mini-låmi mellom kl. 11-14. Det passar for dei mellom 2-12 år, kostar kr. 100.
Me ynskjer alle ein riktig god tur! NB. husk solkrem 😉